Vi jobber på spreng for å oppdatere oss med nytt innhold og design, og vi skal også sørge for at nettsiden er universelt utformet. Ny side lanseres medio 2023. Tilgjengelighetserklæring

Banner forside, Norsk Polarhistorie

Persongalleri

Hans Norberg (Personbilde)
Foto: Norsk Polarinstitutt
Namnet åt fiskarbonden frå Kaldslett hadde raga høgt i historia om utforskinga av Svalbard viss han hadde fått ei god utdanning i yngre år, og fått leva lenger.

Hans Larsen Norberg

1861 - 1917

Fiskarbonde, forskar og fangstmann

Hans L. Norberg var frå Tromsø (Kaldslett). Han var mange gonger på Svalbard, fyrst som fangstmann, seinare som forskar. Han var alltid oppteken av naturen rundt seg og har gjeve fleire interessante bidrag til utforskinga av arktisk flora og fauna.

Men det var geologien som var Norbergs hovudinteresse - Svalbard er då også eit geologisk skattkammer. I 1906 fekk han tak i eit eksemplar av professor A.G. Nathorsts ”Jordens historia” på over 1100 sider, og Norberg studerte boka grundig - det var som ei ny verd opna seg.

I 1908 skreiv han til Nathorst og spurte om høve til å vera med ein vitskapleg ekspedisjon til Svalbard som assistent. Det var ingen ledig plass i den svenske ekspedisjonen, men Norberg kom seg til Svalbard på overvintring likevel. I 1910 samlet han fossilar for Gunnar Isachsens ekspedisjon. I 1911 fulgte han den svenske geolog Högboms ekspedisjon og i 1912 overlærar Carl Schultz, Trondheim. I 1913, 1914 og 1915 samla han for Naturhistoriska Riksmuseet i Stockholm.

Hans L. Norberg og O. T. Grønlie. Bilde fra 1915 med Storsteinen i bakgrunnen. Foto: Norsk Polarinstitutt



Hans Norberg sende fossilar, geologiske prøver, skildringar og teikningar til både professor Nathorst og norske fagfolk. Slik bidrog han til den geologiske og paleontologiske vitskapen, sjølv om han ikkje nådde å publisera mykje i sitt eige namn. To nye fossile planteartar vart oppkalla etter Norberg.
Før han døydde, gav Tromsø museum ut ein artikkel av Norberg der han beskriv restane etter bl.a. gamle, russiske hus ved Isjorden og Bellsund.
Tidsskriftet Naturen trykte ein notis der Norberg forklarer kvifor det er funne store kvalbein oppå fleire fjell i Finnmark og Troms. Forklaringa på mysteriet er rett og slett at i gammal tid (1700-talet) brukte folk kvalbein til å byggja varder i skoglause område. Skulle det varslast krig, kunne så varden tennast opp. Kvalbein inneheld mykje feitt og vil då brenna med mykje røyk som er godt synleg i den lyse årstida, iallfall.

Norberg fortalde gjerne om sine observasjonar og konklusjonar om Svalbard -
det kom då ein eigen glød over den livlege figuren. Norberg levde i små kår, han var ingen kravstor mann, men han hadde ein entusiasme for vitskapen, som gjorde at han i 1913-14 fekk stipend til innsamlingsarbeid frå Riksmuseet i Stockholm.

Frå prof. Nathorst fekk han lovord for arbeidet sitt. Dette var til stor oppmuntring for Norberg, som sleit med skral helse. Han avsluttar det siste brevet sitt til professoren slik: ”Jeg faar nu slutte og takke saa mange ganger for vort likesom samarbeide. Om jeg faar lov at komme mig mere vet vi ikke, kun Gud.”

Då Norberg døydde, skreiv Nathorst ein stor nekrolog om Norberg i Svenska dagbladet (29.10.1917). Her vert Norberg omtala som ”en sannskyldig naturforskare av Guds naade”. Namnet åt fiskarbonden frå Kaldslett hadde raga høgt i historia om utforskinga av Svalbard viss han hadde fått ei god utdanning i yngre år, og fått leva lenger.

Litteratur:
Holmboe, Jens. ”Hans Larsen Norberg, en nordlandsk naturforsker”. I:
Naturen, 41.årg. (1917) side 344-8
Nathorst, A.G. ”Hans L. Norberg, en Spetsbergsentusiast och
Spetsbergforskare”. I: Ymer, 37.årg. (1917) side 319-323
Norberg, Hans L. ”Om Spitsbergens kolonisation i ældre tider”. I: Tromsø
museums aarshefter, 38/39 (1915/16) side 65-74
Norberg, Hans L. ”Hvalben paa toppen av høie fjeld i Finmarken”. I: Naturen,
41.årg. (1917) side 125-6
Isachsen, Gunnar "Spitsbergen-Norge : med et kart" side 26