Banner forside, Norsk Polarhistorie

Persongalleri

Nordenskiöld var i fleire periodar riksdagsmann, i tillegg til mange andre verv, som vi skal sjå: I 1887 stifta tretten av Stockholms sentrale personar innan vitskap ei foreining. Matematikkprofessor Sonja Kovalevski fekk i oppdrag å invitera Nordenskiöld med i klubben. Men han tykte han hadde nok å styra med og svarte såleis:

"Min goda fru Kovalevski


Då jag
1:o Måste sköta min intendentsbefattning,
2:o Måste bibehålla min rol som mineralogisk forskare,
3:o Syssla med mina resor och resa!
4:o dito Med den sibirska handelsvägen,
5:o dito Med geografisk forskning,
6:o Vara verksam medlem af Kgl. Vet.-Akademien,
7:o dito af den Geologiska Föreningen och
8:o Af det Anthrop. Geografiska sällskapet,
9:o Riksdagsman,
10:o Ifrig politiker,
11:o Familjefar,
12:o Landtbrukare,
13:o Kyrkoråd, sockenbiblioteks-föreståndare, Ordförande i Lars Hjertas Minnes styrelse etc etc. etc., så rår jag ej med mera och tvingas att afsäga mig den framstående rol i en viktig sak som vänners välvilja vill bereda mig. I hopp om att jag genom detta svar ej förverkar all gunst hos företagets damer tecknar jag med utmärkt högaktning respekt, vördnad, beundran etc.

Fru Kovalevskis allra ödmjukaste tjenare A. E. Nordenskiöld"

Adolf Erik Nordenskiöld

1832 - 1901

Adolf vaks opp i Helsinki som son av den finske bergmeisteren Nils Gustaf Nordenskiöld. Etter frimodige politiske ytringar frå unge Nordenskiöld tvinga den russiske guvernøren han til å forlata Finland, så Adolf drog til Sverige i 1857 og busette seg der. Nordenskiöld vart med på ein svalbardekspedisjon under leiing av Otto Torell i 1858. Så slo han seg ned som professor i Stockholm og styrar av mineralogiavdelinga på Riksmuseet. I 1861 vart han igjen med Torell til Svalbard.

Nordenskiöld var sjølv leiar for ekspedisjonar til Svalbard i 1864, -68 og 1872/73 med kartlegging av m.a. Nordaustlandet. I 1868 sette han ny rekord ved å nå opp til 81° 42’ nord med ”Sophia”. På desse ekspedisjonane vart det gjort observasjonar som ga ny kunnskap innanfor m.a. meteorologi, geologi og magnetisme. I 1870 leidde han ein ekspedisjon til Vest-Grønland og Innlandsisen.

I 1875 og 1876 var Adolf leiar for ekspedisjonsferder austover gjennom Karahavet til Jenisej med høvesvis den norske fangstskuta ”Prøven” og dampskipet ”Ymer”. Etter dette var han klar til si store bragd med ”Vega” (tremasta selfangst-bark med dampmaskin). Han vart då den første til å reisa sjøvegen rundt heile det eurasiske kontinentet.

Vega drog frå Tromsø (der Adolf sjølv kom om bord) 21. juli 1878 og måtte overvintra i isen berre ei dagsreise frå Beringstredet. Då hadde ekspedisjonen navigert gjennom område der det ikkje frå før fanst brukande kart. Sommaren 1879 nådde dei Alaska, drog seinare via Japan, Ceylon (Sri Lanka) og Suezkanalen til Europa. Vega kom heim til Stockholm i triumf den 24. april 1880 og kongen utnemnde han til friherre (baron).

I 1883 var Nordenskiöld igjen på Grønland og utforska innlandsisen nærmare. Han hadde meg seg samar, m.a. Lars Tuorda, som viste sine evner som gode langdistanseløparar på ski. Det var denne ekspedisjonen som gav den då 22-årige Fridtjof Nansen ideen til å gå tvers over Grønland. Også Peary var inspirert til polarbragder av finlandssvensken.

Nordenskiöld gjorde også eit banebrytande arbeid med å kartleggja kartografi-historia i dei to verka Facsimile-atlas…(1889) og Periplus (1897). Gav også ut grundige skildringar av sine ekspedisjonar og dei vitskaplege resultata. Ikkje minst publikasjonane frå Vega-ekspedisjonen høyrer til dei framste polar-klassikarane..

Nordenskiöld gifte seg med Anna Mannerheim i 1863. Dei fekk fire born, dei to eldste døydde i 1885 og 1895.

Nordenskiölds skrifter
Eit godt oversyn over dei skriftlege arbeida hans kan finnast her:
Nordenskiölds-bibliografi: förteckning öfver A.E. Nordenskiölds skrifter /
utarbetad af J.M. Hulth. S.277-303. I: Ymer, 22. årg. (1902) h.2.
Hulth har inkludert ei liste over biografiar om Nordenskiöld. Her er ei liste over dei viktigaste skriftene hans:
- Beskrifning öfver de i Finland funna mineralier. Helsingfors, 1855. 162 s. Kom
ut i revidert utgåve 1863: 177 sider
- Geografiska ortsbestämningar på Spetsbergen af A.E. Nordenskiöld /
beräknade och sammanställda af D.G. Lindhagen. Stockholm, 1863. 47 s.
(Kungliga svenska vetenskaps-akademien. Handlingar. Ny följd, 4: 5)
- Utkast till Spetsbergens geologi. Stockholm, 1866. 35 s. (Kungliga svenska
vetenskaps-akademiens handlingar. Ny följd. 6: 7)
- Vegas färd kring Asien och Europa, jemte en historisk återblick på före-
gående resor längs gamla verldens nordkust. Stockholm, 1880-81. 2 b.
- Studier och forskningar: föranledda af mina resor i höga Norden. Stockholm,
1883. 546 s.
- Den andra Dicksonska expeditionen till Grönland, dess inre isöken och dess
ostkust, utförd år 1883. Stockholm, 1885. 546 s.
- Facsimile-atlas till kartografiens äldsta historia. Stockholm, 1889. 139 s. + kart
- Periplus: utkast till sjökortens och sjöböckernas äldsta historia. Stockholm,
Stockholm, 1897. 208 s. + kart

Litteratur om A.E. Nordenskiöld, eit utval

- Nils Adolf Erik Nordenskiöld: sjelfbiografi. 1877. 41 s. (Svenskt biografiskt
lexikon, ny följd, b. 7)
- Hedin, Sven (1926). Adolf Erik Nordenskiöld: en levnadsbeskrivning.
Stockholm
- Kish, George (1973). North-east passage: Adolf Erik Nordenskiöld, his life and
times. Amsterdam. 283 s.
- Leslie, Alexander (1879). The Arctic voyages of Adolf Erik Nordenskiöld 1858-
1879. London. 447 s.
- Ramsay, Henrik (1950). Nordenskiöld, sjöfararen. Helsinki/Stockholm. 315 s.
- Ymer. 22.årg. (1902) h.2. Side 109-303. Grundig temahefte om Nordenskiöld i
det klasiske tidsskriftet Ymer