Banner forside, Norsk Polarhistorie

Persongalleri

astrup.jpg
Foto: Norsk Polarinstitutt

Eivind Astrup

1871 - 1895

Polarforskar, oppdagar.

Deltok i Robert Pearys to ekspedisjoner til Grønland. Kartla Nordgrønland og påviste at Grønland er ei øy. Beskreiv inuitsamfunn/ -levevis med stor respekt.

Eivind Astrup var fødd i Christiania (Oslo) og tok handelseksamen der i 1889. Han reiste som 19-åring til USA for vidare utdanning. Eventyrlysta var stor, og i 1891 fekk han som skikunnig delta på Robert E. Pearys ekspedisjon til Nord-Grønland.

Ekspedisjonen overvintra oppe i Grønlands nordvestlege hjørne ved Smith Sund. Astrup blei her kjend med etah-inuitane og deira imponerande tilpassing til det ugjestmilde landet.


Kart som viser ruta i 1892, frå boka "Blandt nordpolens naboer"


Innlandsisen
I mai 1892 starta Peary og Astrup på kartleggingsreisa tvers over den nordlegaste delen av innlandsisen med hundesledar, ski og truger. Det var ein knallhard tur. Dei hadde ikkje med nok mat, men fekk tak i moskuskjøt undervegs. Til saman la dei bak seg meir enn 2.000 km, saman med hundane.

Unge Astrup hadde utan tvil mykje av æra for ein vellukka ekspedisjon: Grønland vart kartlagt heilt oppe i nord og nordaust, og han gjorde etnografiske studier av den nordlegaste folkestamma i verda. Før jul 1892 kom Astrup heim til hyllesten i gamlelandet; han vart den yngste riddaren av St. Olavs orden nokonsinne.

 

 

Sjukdom
Astrup var også med på Peary sin neste grønlandsekspedisjon 1893-94. Denne gongen vart ferda mislukka pga. sjukdom (fleire fekk dysenteri av bederva pemmikan) og dårleg vêr. Astrup vart sjøl for svekka til å bli med Peary på ny skiferd. Men saman med sin ven, inuiten Kolotengva, gjorde nordmannen ein sledetur på 1300 km langs nordkysten av Melville Bugt. Han kartla då området for fyrste gong. Det skulle visa seg at dette arbeidet vart det einaste verkelege utbytet frå denne ekspedisjonen - Astrup var nok lojal, men private brev viser at han var kritisk til både herr og fru Peary, som var med på ekspedisjonen.

Igjen vart Eivind Astrup hylla i Norge, han fekk også heder frå Royal Geographic Society i London for den kartografiske innsatsen. I 1895 kom boka hans Blant Nordpolens naboer på over 300 sider, seinare utgjeven i nye opplag fleire gonger, også oversett til engelsk og tysk. Boka skildrar dels ekspedisjonane, dels inuitfolket.

Astrup hadde detaljerte planar for ekspedisjonar til både Arktis og Antarktis. Han var ein av dei første som foreslo å bruka ballong som ekspedisjonsfarty mot Nordpolen. Saman med Francesco Cetti fekk Astrup hausten 1895 vera med på eit par ballongferder, han vart då den første til å fotografera Noreg frå lufta. Men det viste seg at helsa var varig svekka. Roald Amundsen skriv i den private dagboka si at han har fått opplyst at Astrup fekk syfilis på Grønland. Uansett var det svært tungt for Astrup å mista høvet til å reisa på nye polarekspedisjonar.

Sjølvmord?
Jula 1895 drog han nordover til Dovre. Den 27. desember forlét Astrup Hjerkinn på ski, han hadde avtalt å møta nokre vener ved Atna. Då han blei funnen nokre veker seinare, viste det seg at han hadde ikkje gått lenger enn ein times tur frå Hjerkinn. Detaljane rundt dødsfallet er uklåre, men i ettertid framstår det som eit truleg sjølvmord.

Då Astrups død vart kjent i slutten av januar 1896, vart det nærmast lande-sorg i Noreg. Morgenbladet melde at ”titusener" deltok i gravferda. Det vart reist ein minnestein på fjellet ved Hjerkinn og ein bauta utanfor Oslo. Astrup har fått polarområde oppkalla etter seg, i tillegg til gatenamn. I 1909 vart det sett opp ei minneplate for han på Nordvest-Grønland. Minnesmerket kom bort og i 2010 blei eit nytt monument avduka (sjå artikkel under "relevante artikler" .  

Eivind Astrup var ein gjennomført friluftsmann, han laga gjerne sine eigne ski og sleder. Han viste at ”den kvite mann” hadde mykje å læra av inuitane i Arktis. Han inspirerte bl.a. den unge Roald Amundsen (snautt eitt år yngre enn Astrup). Bragdene hans var også høgt anerkjent av den eldre Fridtjof Nansen, som brukte Astrups røynsle og kompetanse i sine førebuingar til Framferda 1893-96.

Utmerkingar
1892 Riddar av St.Olavsorden (yngste hittil som 21-åring)

Litterære verk:
Astrup, Eivind. ”Blandt Nordpolens naboer” (= ”With Peary to the pole”)
Løitnant Peary's Grønlandsekspedisjoen 1891-92 (Foredrag i Det Norske Geografiske Selskab, Geografisk Selskabs Aarbok 3-4, 1892-93)

Litteratur
Barr, Susan. Artikkel i Norsk biografisk leksikon, bind 1 (1999), side 155
Bloch-Nakkerud, Tom. ”Eivind Astrups bauta på Frognerseteren”. I: Medlems-
blad for Vinderen historielag, årg.15 (2006) nr.1, side 2-11
Welhaven, Hj; Minneord i Geografisk Selskabs Aarbok7, 1895-96)