Artikler fra www.polarhistorie.no

Umberto Nobile – luftskipseksperten som vart polarhelt

Umberto Nobile – luftskipseksperten som vart polarhelt

Av Steinar Aas.

Umberto Nobile. Foto: Norsk Polarinstitutt

Fødd under søritaliensk sol var det ikkje mye som skulle tilseie at Umberto Nobile skulle bli polarforskar. Fødd 21.1.1885 i Lauro (Avellino), Campania som nummer fem av sju born i ein ressurssterk familie, viste Umberto seg tidleg som pliktoppfyllande og skoleflink. Ved universitetet i Napoli fekk han industriell ingeniørgrad i elektroteknikk med strålande resultat. Den første jobben hans vart i Ferrovie dello Stato (FS), Italias statsbane i 1908, som ein av 40 handplukka nye ingeniørar som skulle elektrifisere banen.

Luftskip versus flymaskin
Samstundes vakna interessa for eit nytt fenomen i samtida, luftfart. Gaetano A. Crocco og Ottavio Ricaldo flaug eit italienskbygd luftskip i 1908, og Nobile oppsøkte dei for opplæring i Roma i 1910. Då første verdskrigen braut ut og Italia vart med i 1914, meldte han seg til hærteneste. Her vart han avvist grunna dårleg fysikk. Han gjekk derfor inn i Stabilimento di Costruzioni Aeronautiche di Roma (SCA) i 1914. SCA var ein militær fabrikk som skulle utvikle luftskip. Nobile vart overtydd om at luftskip hadde forrang framfor fly, som hadde dårleg rekkevidde, og kunne ta med færre folk og mindre frakt enn luftskipa. Etter krigen var han Italias fremste luftskipsingeniør, -navigatør og –designar. Nobile satsa på dei halvstive luftskipa. Han meinte den vanlege typen, stive luftskip hadde manglar. Zeppelinarane og andre stive (rigide) luftskip bygd i aluminium frå baug til ende, var dårlegare enn dei halvstive (semi-rigide) med aluminium rundt baugen og i enden. Stive luftskip var sårbare overfor sterk vind, dei var lite fleksible, og havarerte dermed lettare, særleg utsett for lågtrykk under harde vindar. Nobile leia SCA inn i den fascistiske maktovertakinga i Italia i 1922, og då fascistane overtok styringa, vart han pressa frå ulikt hald. Seinare luftfartsminister Italo Balbo meinte luftskip måtte vike plass for flya, fordi dei ikkje hadde nokon militær verdi. SCA og Nobile fekk likevel halde fram, og tanken om å prove luftskipa sine kvalitetar gjennom ei polferd tok til å vekse i Nobile.

Side 1

The Amundsen – Ellsworth – Nobile – transpolar flight 1926

I 1925 trong Roald Amundsen eit luftskip etter den mislukka Nordpolsekspedisjonen med flya M 24 og M 25 det året. Han ville ha luftskip til ei ny ferd, slik at han kunne nå nordpolen som førstemann frå lufta. Amundsen tok kontakt med Nobile, fordi hans luftskip var mindre og billigare enn mange av dei andre skipa, og fordi Nobile hadde opparbeidd eit godt rykte for sine skip. Amundsen fekk luftskipet N-1 (Nobile-1), som under ein høgtideleg seremoni før avgang frå Roma vart døypt ”Norge”.

”The Amundsen-Ellsworth-Nobile-transpolar flight”, ofte kalla ”Norge”-ekspedisjonen kunne starte frå Roma den 10.april, og den 14.mai såg dei land i Teller, Alaska, etter ei strabasiøs ferd over Nordpolen. Nobile hadde ført N-1 frå Italia via England, Noreg, Tyskland, Russland, Finland og Svalbard. Der kom Amundsen ombord og fekk med seg siste del av ferda over Nordpolen til Alaska. Prestasjonen vekte store ovasjonar både nasjonalt og internasjonalt. I Italia vart Nobile tatt i mot som helt, og i Noreg førte prestasjonen til utnemning av Nobile som kommandør av 1.klasse av den kongelege St. Olavs Orden.

Side 2

Amundsens uvenskap

Møtet med Amundsen skapte likevel komplikasjonar Nobile fekk stri med. I Noreg spreidde Amundsen og andre nordmenn vondsinna rykte om italienarane etter ekspedisjonen. Amundsen meinte blant anna at Nobile var forfengeleg, hovmodig og innbilsk, ein skrythals og tåpeleg drømmar, uniformsgal, nervøs, latterleg og bortskjemt, og ein ubrukeleg navigatør. Slikt festa seg blant nordmenn, og vart ståande uimotsagt til 1970-talet i landet vårt. Hetsen mot Nobile hadde særleg to grunnar; Nobile var Benito Mussolini sin fascistiske ”champion” etter bragda, og i kampen for ære etter seglasen hadde Nobile utfordra Amundsen. Han hadde konstruert, bygd og ført Norge til målet, men det var det få blant den norske skaren som ville gi han ære for. Amundsen var helten.

Urettvis behandling av Nobile
I tillegg var det fleire episodar før, under og etter ekspedisjonen som hadde provosert Amundsen, noko han la ut om i boka ”Mitt liv som polarforsker” i 1927. Amundsen hadde heile tida ønskt å gjøre Nobile mindre viktige under planleggingsprosessen, blant anna ved å avgrense Nobile sin innverknad på ekspedisjonen. Først var det krangel om Nobile sitt namn skulle vere med som ein del av ekspedisjonsnamnet. Så vart det maktkamp om talet på italienarar ombord på luftskipet under ferda. Amundsen ville ha med så mange nordmenn som råd, men det var ikkje plass til meir enn 16 mann om bord. Nokon måtte vike, og Nobile måtte gje seg. Amundsen fekk med ein eigen navigatør, Hjalmar Riiser-Larsen for å vere om bord ved sida av Nobile, og sjølv spelte Amundsen ei passiv rolle både under turen over polpunktet og i samband med førebuingane. Han sat mest i ein stol å såg ut vindauget eller sov då dei segla over polarområda. Dersom ein vurderer ekspedisjonen er det rett å seie at Nobile teikna, konstruerte og førte luftskipet over Nordpolen, og at han fekk lite ære for det blant nordmenn. Det følte Nobile var urettvist. Han var noko meir enn ein drosjesjåfør for Amundsen.

Side 3

«Italia»-ekspedisjonen 1928

For Nobile vart det viktig å prove at Amundsen hadde feil, og vise at han kunne gjennomføre polarekspedisjonar i oppdagingas og vitskapens namn med eigen hjelp. Han planla derfor ein ny ekspedisjon med luftskipet Italia, som var søsterskipet til N-1, og tok av frå Roma  i april 1928 med eit italiensk mannskap, supplert med svenske Malmgren og tsjekkiske Behounek. Ekspedisjonen tok sikte på å utforske uoppdaga område både mellom Svalbard og Nordpolen mot Grønland, og austover mot Nikolaus IIs land. I tillegg ville Nobile ha ein ekspedisjon som hadde meir reindyrka vitskaplege mål enn det ”Noreg”-ekspedisjonen hadde hatt. Den svenske meteorologen Malmgren, den tsjekkiske radiologen Behounek og den italienske fysikaren Aldo Pontremoli skulle saman undersøkje havområda, jordmagnetismen, meteorologiske forhold, luftelektrisitet, radioaktivitet, og gjøre biologiske og bakteriologiske undersøkingar i havet og på isen. I tillegg var det store uutforska område som kravde kartlegging. Nansen var ein av dei som meinte den vitskaplege sida var viktig ved Italia-ekspedisjonen.

Havarai og misere

Det var på den tredje turen den 24.mai luftskipet havarerte etter ein strabasiøs flytur i sterk motvind og ising. Seks mann forsvann vidare med sjølve ballongen då gondolen losna i kollisjonen med den takkete drivisen. Dei vart aldri funnen att. På isen var det ti havaristar, der ein av dei Pomella vart drepen i samanstøyten. På isen hadde dei våpen, ammunisjon, hermetikk, soveposar og telt, og framfor alt ein radio som etterkvart kunne starte sending av naudsignal. Nobile hadde skadd seg stygt. Høgre beinet og høgre armen var knekt.I eit telt på 5,5 kvadratmeter skulle det bu ni personar, og fleire av dei var skadde. Tre av havaristane; Zappi, Malmgren og Mariano gav seg etter kvart ut frå leiren for å hente hjelp. Igjen var dei seks mann som måtte ligge i drivisen å vente på å bli henta ut. Havariet utløyste ein leiteaksjon – ein av historias største, med mange titals skip og mindre fartøy, hundeekvipasjar, ski-patruljar og hundrevis av menn i aktivitet. I denne kaotiske fasen forsvann den norske polarhelten Roald Amundsen ein stad i Nordishavet, på veg i ein fransk flybåt for å hente ut Nobile frå isen. Dei negative norske haldningar overfor Nobile forverra seg. Då Nobile kom velberga frå isen etter vel 40 døgn, vart han karakterisert som ein «narrifas av en general», i motsetnad til Amundsen som var «en av vore stauteste skikkelser». Då han og dei overlevande havaristane reiste heim med tog frå Narvik til Roma var særleg nordmenn og tyskarar hatefulle. Amundsen sine haldningar til Nobile hadde festa seg blant nordmenn, og det var liten tvil blant Amundsens landsmenn kven som var skuld i den store polarhelten sin død.

Side 4

Ryktar og sanning

Det svirra mange rykte etter ekspedisjonen. Nokre ville ha det til at Nobile hadde mista forstanden, andre hevda dei både var dårleg førebudde og at havariet kom som ein konsekvens av dårleg navigasjon og mangel på kunnskap og erfaring. Sanninga var at veret var ekstremt med sterk motvind og temperaturar som resulterte i sterk nedising av luftskipet. Skipet vart tyngre og tyngre, farta gjekk ned og dei mista høgde. I tillegg hadde fleire stilt spørsmålsteikn med hendingar og handlingar i isen under leiteaksjonen og evakueringa av havaristane. Meteorologen Malmgren hadde dratt frå havaristane saman med to italienarar, og no var han borte. Kva hadde dei to gjort med han? Hadde dei drepe han eller rett og slett ete han?

Redninga av Nobile
Ei anna side som vekte oppsikt var henting av Nobile i teltleiren på drivisen. Ein svensk pilot Ejnar Lundborg kom inn til leiren med flyet sitt og insisterte på at han hadde ordre om å ta ut Nobile først. Dette protesterte Nobile mot, men etter lang tids dragkamp valte havaristane å hjelpe Nobile om bord i det ventande flyet under lovnad om at dei andre straks skulle hentast ut etter tur. Seinare synte det seg å vere vanskeleg å komme ned ved teltleiren, så Nobile vart sittande trygt i Ny-Ålesund, medan dei andre vart verande att på isen. Det vekte avsky frå dei som meinte Nobile forlet mannskapet som kaptein for den synkande skuta.

Sanninga om redninga
Det var vanskeleg for Nobile å overtyde om at havaristane hadde ein annan evakueringsplan enn den han hadde blitt overtydd om å gå med på. Svenske Lundborg hadde fått ut trofeet sitt, og det var ikkje mange som hørte på hans forklaring om at han hadde ordre om å hente Nobile ut først, fordi Nobile skulle leie hjelpearbeidet frå Ny-Ålesund. Havaristane meinte Cecioni skulle vore henta ut først sidan han var mest skadd, men Lundborg ville ikkje høre på det. Lundborg truga med at han ikkje tok ut andre enn Nobile. Det var heller ikkje mange som sette sin lit til Nobile si forklaring om at han heller ville vore saman med havaristane, no når det igjen var uråd å hente dei ut. Ei norsk avis meinte Nobile hadde papphjerte og korkelår, ei anna samanlikna han med Judas frå Bibelen, i sitt svik overfor Jesus.

Side 5

Oppgjør og oppreising

Ærgjerrige Nobile brukte store delar av livet etter heimkoma i 1928 på rehabilitering og oppreising. Det vart vanskelegare enn venta. I Italia meinte luftfartsminister Balbo og Mussolini at han både hadde vanæra seg sjølv og det fascistiske Italia. Dei sette ned ein undersøkingskommisjon, som etter slo fast at Nobile var skuld i havariet. Sjølv meinte Nobile at dette var eit bestillingsverk frå Mussolini og Balbo, og mye kan tyde på det. Han hadde i alle fall få sjansar til å svare på skuldingane i Italia, der han vart sett under overvaking og underlagt sensur. Dei vitskaplege papira frå ekspedisjonen fekk han heller ikkje tilgang på, så det gjekk enno ti år før det kom ei samla framstilling av dei vitskaplege undersøkingane etter Italia-ekspedisjonen. Nobile vart ”persona non grata”. Han vart degradert frå general til meinig og luftskipsprogrammet lagt ned. Vanskane med å få relevant arbeid i Italia medførte at Nobile måtte flytte i utlandsk eksil, først frå 1931 til 35 som leiar for Stalins luftskipsprogram i det kommunistiske Sovjetunionen, og i tida 1935-43 var han berre sporadisk i Italia, fordi han arbeidde i Spania og USA, under paven si vernande hand.

Kamp for oppreisning
Først ved den allierte invasjonen av Italia i 1943-44 returnerte han til det frie Sør-Italia. Medan han venta på det fascistiske Nord-Italias undergang starta han rehabiliteringsarbeidet og i løpet av kort tid fekk han full oppreising i heimlandet, først ved å få generaltittel tilbake og deretter ved tildeling av professorat ved Universitetet i Napoli. Etter fascismens fall ofra han seg fullt og heilt for vitskapen gjennom arbeid med luftfarts- og rakettforsking. Forholdet til den norske opinionen vart derimot ein verkebyll for Nobile. Det var tungt å stadig bli sverta i Noreg. Ved jamne mellomrom og særleg i samband med minnemarkeringar over Amundsen, vart minnet om den svikefulle, feige og lite heiderleg Nobile halde i hevd. Minnemarkeringa under avduking av Italia-monumentet i Folkeparken i Tromsø i 1969 var ei vending i rett retning. Det same var markeringa ved luftskipsmasta i Vadsø i 1978. Ved begge høva kom Nobile sin italienske stemme meir fram.

Norske vener
Nobile hadde medan han levde også tre norske kontaktar som hjelpte han overfor den kompakte norske majoriteten. Det var Tryggve Gran, Adolf Hoel og Rolf S. Tandberg. Hoel hadde deltatt på den sovjet-russiske isbrytaren Krasin under redningsaksjonen, medan Tandberg deltok i ein sledeekspedisjon på Svalbard etter havaristane. Begge skulle få føle på kroppen den norske vreide overfor Nobile i avisdebattar på 50-, 60- og 70-talet. Hoel meinte mellom anna det var ille at italienarane skulle bli skulda for kannibalisme og elles karakterisert med rasistiske utfall. Han meinte det var uttrykk for dårlege norske haldningar overfor andre, særleg overfor søreuropearar.

I 1976 kom omsider boka til Nobile som svarte på åttaka til Amundsen frå 1927. Det var første gong han kom til orde på norsk. Etter Nobile sin død i 1978 har den norske opinionen fått meir kunnskap om dei to aktørane Amundsen og Nobile, og det har igjen ført til ei nyansering av dei hatske og angstbitarske skuldingane mot Nobile og dei italienske luftskipsekspedisjonane hans i Arktis. Både boka Tragedien Umberto Nobile – Polarhelt eller svikar? frå 2001 og musikalen Snø og Ild framført i Vadsø i 2007, har bidratt til å gje Nobile det ettermælet han fortente i Noreg, både som menneske og polarforskar. 

Side 6

Kilder

Amundsen, Roald: Mitt liv som polarforsker. Oslo 1927.
Behounek, Franz: Männen på isflaket. Med ITALIA till Nordpolen. Uppsala 1929.
Berggård, Arne: Frå 17.mai til 9.april. Norsk historie 1814-1940. Oslo 1958.
Bomann-Larsen, Tor: Roald Amundsen. En biografi. Bind II. Oslo 1995.
Cross, Wilbur: Disaster at the Pole. New York 2000.
Dithmer, Elisabeth: Sandheden om Nobile. København 1931.
Ellsworth, Lincoln: Hinsides Horisonten. Oslo 1940.
Ferrante, Ovidio: Umberto Nobile. Roma 1986.
Foss, Clive: Russia`s Romance with the Airship. History Today dec. 1997.
Gorter-Grønvik, Waling T.: 60-årsjubileet for luftskipet ”Norge”s mellomlanding i Vadsø på veg til Alaska via Nordpolen. Vadsø 1986.
Lundborg, Einar: När Nobile räddades. Mina upplevelser under den svenska expeditionen 1928. Uppsala 1928.
Meyer, Willy: Der Kampf um Nobile. Berlin 1931.
Nansen, Fritjof: Nansen brev V. Oslo 1978.
Nobile, Gertrude Stolp: Bibliografia di Umberto Nobile. Firenze 1984.
Nobile, Umberto: Nu kan jag berätta sanningen. Stockholm 1946.
Nobile, Umberto: Roma – Nordpolen – Amerika med luftskibet ”Norge”. København 1931.
Nobile, Umberto:  Med Italia från Rom til Nordpolen. Stockholm 1929.
Nobile, Umberto: My Five Years with Soviet Airships. Akron (OH) 1987.
Segrè, Claudio G.: Italo Balbo. A Fascist Life. Berkeley 1990.
Aas, Steinar: Tragedien Umberto Nobile – Polarhelt eller svikar? Oslo 2002.
Aas, Steinar: ”One Man's Foolishness Led to the Death of 14 Men". Norwegian Reactions to Umberto Nobile and the "Italia" Disaster. Acta Borealia 20(2):2003.
Aas, Steinar: Nobile i Narvik – eit 70-årsminne, i Årbok for Ofoten 1998. Narvik desember 1998.

Side 7