Vi jobber på spreng for å oppdatere oss med nytt innhold og design, og vi skal også sørge for at nettsiden er universelt utformet. Ny side lanseres medio 2023. Tilgjengelighetserklæring

Banner forside, Norsk Polarhistorie

Skjørbuken: Nordpolens barske kolde engel

Av Åsa Elstad.

Nordpolens barske kolde Engel,
Slog dem med Ubarmhjertighed,
som Jaaen meier Græssets Stængel,
Saa meier ham dem alle ned.


Ein av dei aller største farene ved langvarige opphald i arktiske strøk, var lenge skjørbuk. Vinteren 1872-73 døydde 17 mann under ei ufrivillig overvintring på Svalbard. Berre dagbøkene som var igjen fortalde historia deira, dei hadde døydd ein for ein. Om dei tre siste var det ingen notatar. Som det heiter i skillingsvisa som seinare blei skriven om dei: «Hva disse sidste maatte døie, Vist ingen her beskrive kan; Med al den Ynk og Gru for Øie, Maa overgaa Sind og Forstand». Sjukdommen var langvarig. Ein blei trøytt - «Mod og Virksomhed forsvinder», som det heiter i visa, tennene losna, ein fekk hjerteklapp, feber og leddsmerter, etter kvart diaré og indre blødningar, og døydde til sist om ein ikkje fekk hjelp. Hjelpa var c-vitaminar. Dei 17 overvintrarane budde i eit hus der det var mykje, men ikkje rett proviant. Og dei var ikkje dei einaste som bukka under i skjørbuk. I perioden 1892-1905 var det for eksempel ni tilfelle av skjørbuk på norske fangstekspedisjonar. Endå i perioden 1910-20 skreiv avisane om skjørbuksdødsfall blant overvintrarar, og så seint som i 1933 skal folk på Grønland ha døydd av skjørbuk.

Skjørbuksurt. Foto: Norsk Polarinstitutt


Samanhengen mellom skjørbuk og c-vitamin blei ikkje oppdaga før i 1907, vitskaplig etablert i 1912. Tidligare visste ein ikkje kva ein skulle gjere når symptoma kom. Eit munnhell var: «Du blir så lat at du får skjørbuk». Ein trudde altså at ein kunne motverke sjukdommen ved å arbeide hardt. Det viste seg å vere ein dårlig kur, har ein skjørbuk bør ein slett ikkje overanstrenge seg. Andre trudde at skjørbuk var smittsamt. Fridtjof Nansen skreiv skarpe avisinnlegg mot forskarane då dei begynte å hevde at skjørbuk kom av mangel på eit stoff dei kalla c-vitamin. Likevel må han ha sett nokon samanhengar. På ferda mot Nordpolen hadde han og Johansen med limejuicetabelettar, slik sjøfolk på langtur også brukte.

Før den vitskapelige samanhengen var påvist, hadde erfaringar likevel lært folk i Arktis kva som skulle til for å unngå skjørbuken. Inuitane løyste problemet gjennom å spise ferskt kjøtt eller fisk, helst rått. Ferskt blod skulle også vere bra. I motsetnad til menneske har dyr evne til å lagre c-vitamin. Mataq, skinn frå kvitkval, blei også sett på som eit godt middel mot skjørbuk. Inuitane brukte også blæretang og sukkertare med høgt innhald av c-vitamin i kosthaldet, og også grønne skot som dei fann i innvollane på rypa og magen på reinen. Rype og rein kan bryte ned desse vekstane slik at dei kan gjere seg nytte av vitaminet, det kan ikkje menneska, men ein kunne altså få rypa og reinen til å gjere halve arbeidet for seg. Inuitane lagra kvannen i selfeitt så dei hadde å ta til utover vinteren.

Samane lagra også c-vitaminrik kvann, matsyre (syregras) og molte, for eksempel ved å fryse dei ned i reinmjølk. Slik unngjekk dei skjørbuk.

Både i Noreg og på Grønland blei skjørbuksurt (Cochlearia Officinalis) også brukt. Den blei også omtala som "salat" - på Amsterdamøya på Svalbard finn vi derfor nordre og søre Salatberget. Skildringar av norske overvintringsekspedisjonar fortel at folk blei friske av skjørbuk etter å ha spist skjørbuksurt på vårparten.

På overvintringsfangst hadde ein med potet, noko som gav c-vitamin i alle fall så lenge potetane var nokonlunde friske, mens tørka grønnsaker hadde mista mange av dei opprinnelige næringsstoffa. I fangstdagbøker kan ein også lese at dei laga te av grønne skudd frå frøposen til rypa. Etter at ein hadde fått kjennskap til c-vitaminet, sette ein også erter til spiring for å få vitamintilskott av dei. Den norske Grønlandsekspedisjonen 1926-28 kontakta sjukehuset i Tromsø via radio og fekk råd om korleis ein av mennene kunne kurerast for begynnande skjørbuk. Dei råda dei fekk, var å gje han syregras og ferskt moskuskjøtt.

Polarkokken Adolf Lindstrøm. Foto: Norsk Polarinstitutt

Adolf Lindstrøm, som var kokk på fire av dei store oppdagingsferdene, hadde bakgrunn frå ishavsfangsten, først og fremst frå byssa, og visste korleis ein skulle unngå skjørbuk. Ferskt kjøtt blei mykje brukt, i tillegg brukte han mykje bær og grønnsaker: potet, kålrabi, neper, turnips, gulrøtter og kål, tyttebær og molter. Grønsakene blei helt frosne opp i kokande vatn. Det var også vanlig å ta med store mengder molter på polarekspedisjonar. På Fram sjekka legen kvar månad mannskapet for skjørbuk.

Om bord på ishavsskutene var ein også merksam på faren for skjørbuk, sjølv om risikoen ikkje var like stor, sia det var sjeldnare at fangstturane vart så langvarige at sjukdommen rakk å utvikle seg.

Litteratur:
Tromsø nr 65, 1911, 23.08. 1920,
Aalesunds avis 15.5.1918 (nr 112)
Barr, Susan 1982: Skjørbuk på Svalbard, i Dugnad, Tidsskrift for etnologi, nr. 4, Oslo
Berg, Kjell 2003: Alt vel... Fangst og eventyr i isen, Tromsø.
Ekeberg, Jan Ove 2000: Et liv i isen. Polarkokken Adolf H. Lindstrøm, Oslo.
Eriksen, Torunn 1981: To skilling for en sang. Folkelige viser i Nord-Norge, Tromsø -Oslo-Bergen.
Moe, Nils Harald 2000: "Vi tar et år til" Ernæring og mathistorie fra Svalbard, Grønland, Jan Mayen og Bjørnøya årene 1890-1940, Tromsø
Nansen, Fridtjof 1909: Skjørbuk og skibs-berberi, Morgenbladet 24.12.
Nicolaysen; Ragnar 1977-78: Arktisk ærnæring, Polarboken.
Næss, Atle 2004: "De tre store". I Drivenes og Jølle (red.): Ekspedisjonene. Bind 1, Norsk polarhistorie, Oslo